annonse:
|
 |
 |
"Hot Little Mama skulle etterkvart vera eit kjent namn for dei fleste med interesse for blå musikk. Forutanom å spela swingande rythm´n blues og drivande rock´n roll er bandet kjent for å flette inn element frå såvel jazz som klassisk- og folkemusikk.
les meir >> |
Kjell Fester har gjennomført fleire ”tribute” prosjekt med mellom anna The Beatles, Rolling Stones og fleire, det som han tek med seg denne gongen på fredagskvelden er ein hyllest til det legendariske country rock bandet Creedence Clearwater Revival, ingen som vaks opp på 70 talet kan unngå å hugse John Fogerty og Creedence.
les meir >> |
Sean er ung men ikkje heilt uerfaren, han starta å spele gitar som niåring og som 11 åring hadde han spikra blues-rock sounden til Jimi Hendrix, Led Zeppelin og Stevie Ray Vaughan men etter han fekk tak i ei gamal plate av Howlin` Wolf vart livet hans endra, han likte spesielt gitaristen til Howlin` Wolf, Hubert Sumlin. Kort tid etter vart den unge Sean ven med Atlanta bluesmannen, Felix Reyes, og vere med bandet ”Felix and The Cats” som fast ”sit in”.
les meir >> |
Endeleg er Kent attende til Voss men denne gongen skal me setja skikkeleg pris på han for han skal vere den raude tråden gjennom heile festivalen, og betre tråd kan ein vel ikkje få enn denne blues predikanten som har dedikert livet sitt til å spreie bluesen ut til flest mogeleg.
les meir >> |
Kyrkjekonserten ”Going Back” er eit tingingsverk til Voss blues- og rootsfestival skrive av Øystein Lydvo og Olav Undeland. Samarbeidet kom i gang i jula i fjor. Med på laget har dei Steinar Karlsen (gitar) Christian Øvreaas (munnspel,piano) og Rolf Seldal (perc).
les meir >> |
Allen’s Pit fra Grenlandsområdet gikk imponerende av med seieren under fjoråretsårets Union Blues Cup på Notodden Blues Festival, og er således Union Blues Band 2003.
Bandet imponerte både publikum og dommere med gode instrumentalister, tett samspill, en dyktig vokalist og et imponerende sceneshow. Bandet skal i løpet av året besøke at stort antall blues-klubber som en del av pro-sjektet Union Blues Band i regi av Norsk Blues Union.
les meir >> |
Publiners sette Fleischers Hotell på hovudet for to år sidan og no er dei attende med meir energi og enno betre, på dei to åra har dei hatt ei rivande utvikling og hausta kjempe kritikkar kor dei enn har vore, dei har og fått gjeve ut ei CD plate som og er rost opp i skyene.
les meir >> |
Paul Lamb kan vere ukjent for dei fleste men det ikkje kven som helst så kjem over frå England og skal opptre på på festivalen her på Voss. Paul har vunne mange prisar med sitt munnspel og seld rekord mange CD plater og opptredd over heile verda med sitt band, The King Snakes.
les meir >> |
Olav er eit stortalent som me er glad for å ha på Voss, ein betre kjennar og utøvar av ”førkrigsbluesen” må ein leite lenge etter. Olav er fødd og oppvaksen i Ulvik med arbeider og bur for tida på Voss og er aktiv i musikk-livet her.
les meir >> |
Denne "heite" kvartetten med svært unge musikarar har gjort seg svært gjeldande siste året og har blitt publi-kumsyndlingar der dei opptrer.
les meir >> |
Eclipse (Voss) består av fire ungdommar i alderen 15 - 16 år og har spelt saman i litt over eitt år. Musikkstilen er alt frå klassisk blues til meir rocka blueslåtar, og dei har hatt fleire speleoppdrag i bygda og desse vil vi høyra meir til i framtida.
les meir >> |
|
 |
Bakkane er alltid brattare på heimveg!!!!
Kjartans teori |
|
annonse:
|
|
...Du kan få oppdatert info ved å registrere deg på epostlista vår.
|
annonse:
|
|