annonse:
|
 |
 |
Knut Reiersrud
Publisert: 13.08.2009 kl.22:16 - Sist endra: 13.08.2009 kl.22:49
Knut har presentert seg utallige gonger her på Voss men han klarar alltid å overraske publikum med noko nytt, og dette skal han no få lov å gjere til gagns med konserten sin på Hanguren! |
|
annonse:
|
|
Knut har presentert seg utallige gonger her på Voss men han klarar alltid å overraske publikum med noko nytt, og dette skal han no få lov å gjere til gagns med konserten sin på Hanguren, kven andre er det som kan ta inn over seg stemninga der oppe på fjellet og så klare å få dette formidla ut til publikum på sin måte via gitaren sin enn Knut.
Dei som vil få med seg dette må ta turen til fjells tidleg for å sikre seg plass.
Knut stiller også opp om kvelden med fullt band der han kjem til å utforske bluesen og syne oss kor liten veg det er til vi kjem over i folkemusikken, han vil strekkje grensene og mikse saman ulike musikkartar på ein slik måte at ein kunne tru at Knut Buen spelar blues. Likeeins vil Knut gå langt attende til bluesen sine røter på ein slik måte berre han kan.
Om ikkje dette kan kallast ”helgas konsert” så veit ikkje eg, her må ein berre kome med opent sinn og mykje humør for dette vert ein durabel ”Reierskveld”
 |
|
Grunna dårlege værmeldingar (7 grader og regn) vert konserten på Hanguren flytta ned til Fraktgodsen, tidspunktet vert ikkje endra!
les meir >> |
|
I år som for to år sidag har Jonas Fjeld med seg Hilde Heltberg til Voss!
les meir >> |
Billettar er no lagt ut for sal på PlayCom Voss!!!
les meir >> |
|
Jonas Fjeld har vitja festivalen tidlegare med sitt eige band med stor suksess, i år ville vi gjere dette på ein annan måte og invitere med folkemusikkgruppa Kvarts som tidlegare har vunne Spelemannsprisen i folkemusikk. Dette vil verte eit spanande samarbeide som vi ser fram til.
les meir >> |
|
Voss Blues & Roots Festival 2009, 28. - 30. august
Program
Programmet er no ferdig og vi er stolte over det vi har fått sydd saman i år, dette vil verte ein festival som skal gje alle ei god oppleving med god stemning og fin musikk.
les meir >> |
|
Nok ei gong skal me være ute med blåfargen på Vossebygda, festivalbygda over alle. Hittil i år har jazzen, fotballen og ekstremsporten sett sitt preg på Voss og no er det bluesen som skal gje publikum ei minneverdig oppleving.
Vi har i år prøvd å få ein raud tråd gjennom programmet vårt der vi vil vise kor liten avstanden er mellom dei ulike folkemusikk artane er og vi har difor invitert artistar til bygda som er flinke til dette. Allereie på opninga legg vi lista der vi slepper til Annlaug Børsheim med nokre garva Vossingar som skal framføre musikk som er inspirert av så vel Norsk, Keltisk og Amerikansk folkemusikk. Vi har kopla i hop Jonas Fjeld med folkemusikkgruppa Kvarts, eit spanande samarbeide som berre er gjort få gonger før. Om ikkje det er nok så har vi sleppt Knut Reiersrud laus på Hanguren i fri flyt, om det er nokon som kan mikse saman dei ulike delane frå ulike musikk sjangrar so er det han.
Vi håpar at med dette programmet vil treffe så mange som muleg og at vi bryt ned barrierane mellom ulike musikkstilar, men sjølvsagt skal bluesen liggje i botnen og festivalen skal være blå.
les meir >> |
|
 |
Bakkane er alltid brattare på heimveg!!!!
Kjartans teori |
|
annonse:
|
|
...Vårdal Informasjons- teknologi har levert websystemet vårt
|
annonse:
|
|