annonse:
|
 |
 |
Velkomen til årets festival 28. - 30. august 2009
Publisert: 28.07.2009 kl.22:43 - Sist endra: 13.08.2009 kl.22:48
Nok ei gong skal me være ute med blåfargen på Vossebygda, festivalbygda over alle. Hittil i år har jazzen, fotballen og ekstremsporten sett sitt preg på Voss og no er det bluesen som skal gje publikum ei minneverdig oppleving.
Vi har i år prøvd å få ein raud tråd gjennom programmet vårt der vi vil vise kor liten avstanden er mellom dei ulike folkemusikk artane er og vi har difor invitert artistar til bygda som er flinke til dette. Allereie på opninga legg vi lista der vi slepper til Annlaug Børsheim med nokre garva Vossingar som skal framføre musikk som er inspirert av så vel Norsk, Keltisk og Amerikansk folkemusikk. Vi har kopla i hop Jonas Fjeld med folkemusikkgruppa Kvarts, eit spanande samarbeide som berre er gjort få gonger før. Om ikkje det er nok så har vi sleppt Knut Reiersrud laus på Hanguren i fri flyt, om det er nokon som kan mikse saman dei ulike delane frå ulike musikk sjangrar so er det han.
Vi håpar at med dette programmet vil treffe så mange som muleg og at vi bryt ned barrierane mellom ulike musikkstilar, men sjølvsagt skal bluesen liggje i botnen og festivalen skal være blå. |
|
annonse:
|
|
Eg vil og nytte anledninga til å minnast ein stor mann innan det Norske bluesmiljøet som gjekk bort så altfor tidleg i år. Han har vitja Voss og festivalen 2 gonger, nemleg Geir Hovig. Slik eg kjende han var han ei jordnær mann med eit stort hjarta i bluesen og med eit glimt i auga, kunnskapen han hadde om musikk og artistar delte han med oss via radio med sine program opp gjennom åra, ein kan vel sei at han har synt mange kva blues eigentleg er. Han var heller ikkje redd for å ta opp problemstillingar via sine program når det gjaldt klubbar og festivalar sine økonomiske vilkår frå det offentlege og stilte ofte vanskelege spørsmål til dei ulike kulturministrane på direkten. Ein bauta i Norsk blues miljø har gått bort og vi lyser fred over hans minne.
Eg vil med dette ynskja alle velkomen til bygda og festivalen vår og håpar at det vi i år presenterer vil verte ei minneverdig helg der musikken og samhaldet står i høgsetet og jublar.
Vel møtt.
Kjartan Ringheim, festivalleiar. |
|
Grunna dårlege værmeldingar (7 grader og regn) vert konserten på Hanguren flytta ned til Fraktgodsen, tidspunktet vert ikkje endra!
les meir >> |
|
I år som for to år sidag har Jonas Fjeld med seg Hilde Heltberg til Voss!
les meir >> |
Billettar er no lagt ut for sal på PlayCom Voss!!!
les meir >> |
Knut har presentert seg utallige gonger her på Voss men han klarar alltid å overraske publikum med noko nytt, og dette skal han no få lov å gjere til gagns med konserten sin på Hanguren!
les meir >> |
|
Jonas Fjeld har vitja festivalen tidlegare med sitt eige band med stor suksess, i år ville vi gjere dette på ein annan måte og invitere med folkemusikkgruppa Kvarts som tidlegare har vunne Spelemannsprisen i folkemusikk. Dette vil verte eit spanande samarbeide som vi ser fram til.
les meir >> |
|
Voss Blues & Roots Festival 2009, 28. - 30. august
Program
Programmet er no ferdig og vi er stolte over det vi har fått sydd saman i år, dette vil verte ein festival som skal gje alle ei god oppleving med god stemning og fin musikk.
les meir >> |
|
 |
Bakkane er alltid brattare på heimveg!!!!
Kjartans teori |
|
annonse:
|
|
...Bluesen er opphavet til all moderne rockemusikk?
|
annonse:
|
|