annonse:
|
 |
 |
Vi har fått heimesida vår opp og gå igjen etter tekniske problem i det siste og vi vil verte meir aktive med nyhende frametter. Festivalen vart som dei fleste hugsar lagt på is etter 2009 festivalen men er ikkje gravlagt, er det nokon som vil og kan vera med for å få den igang att så kan dei ta kontakt med Amund Undeland på tlf. 41692434
les meir >> |
Fristen for påmelding til den lokale Ungdommens Kultur Mønstring går snart ut og vi håpar at enda fleire vil melde seg på. Ungdommens Kultur Mønstring skal gje eit bilde av breidden i det lokale kulturlivet i bygda og er ikkje ein konkurranse, det vert plukka ut eit representativt utvalg av dei beste innslaga lokalt som vert sendt vidare til Fylkesfinalen i Bergen.
les meir >> |
Laurdag 30. januar startar me sesongen med ein konsert i Vossasalen på Park Hotel Vossevangen!
les meir >> |
|
Ny dato for Voss Blues & Roots Festival 2010 16. - 18. juli!
les meir >> |
|
Grunna dårlege værmeldingar (7 grader og regn) vert konserten på Hanguren flytta ned til Fraktgodsen, tidspunktet vert ikkje endra!
les meir >> |
|
I år som for to år sidag har Jonas Fjeld med seg Hilde Heltberg til Voss!
les meir >> |
Billettar er no lagt ut for sal på PlayCom Voss!!!
les meir >> |
Knut har presentert seg utallige gonger her på Voss men han klarar alltid å overraske publikum med noko nytt, og dette skal han no få lov å gjere til gagns med konserten sin på Hanguren!
les meir >> |
|
Jonas Fjeld har vitja festivalen tidlegare med sitt eige band med stor suksess, i år ville vi gjere dette på ein annan måte og invitere med folkemusikkgruppa Kvarts som tidlegare har vunne Spelemannsprisen i folkemusikk. Dette vil verte eit spanande samarbeide som vi ser fram til.
les meir >> |
|
Voss Blues & Roots Festival 2009, 28. - 30. august
Program
Programmet er no ferdig og vi er stolte over det vi har fått sydd saman i år, dette vil verte ein festival som skal gje alle ei god oppleving med god stemning og fin musikk.
les meir >> |
|
Nok ei gong skal me være ute med blåfargen på Vossebygda, festivalbygda over alle. Hittil i år har jazzen, fotballen og ekstremsporten sett sitt preg på Voss og no er det bluesen som skal gje publikum ei minneverdig oppleving.
Vi har i år prøvd å få ein raud tråd gjennom programmet vårt der vi vil vise kor liten avstanden er mellom dei ulike folkemusikk artane er og vi har difor invitert artistar til bygda som er flinke til dette. Allereie på opninga legg vi lista der vi slepper til Annlaug Børsheim med nokre garva Vossingar som skal framføre musikk som er inspirert av så vel Norsk, Keltisk og Amerikansk folkemusikk. Vi har kopla i hop Jonas Fjeld med folkemusikkgruppa Kvarts, eit spanande samarbeide som berre er gjort få gonger før. Om ikkje det er nok så har vi sleppt Knut Reiersrud laus på Hanguren i fri flyt, om det er nokon som kan mikse saman dei ulike delane frå ulike musikk sjangrar so er det han.
Vi håpar at med dette programmet vil treffe så mange som muleg og at vi bryt ned barrierane mellom ulike musikkstilar, men sjølvsagt skal bluesen liggje i botnen og festivalen skal være blå.
les meir >> |
Voss Blues Klubb er no registrert i Frivillighetsregisteret og kan difor støttaast via Grasrotandelen på Norsk Tipping. Dette er ein ypparleg måte å støtte ditt lokale lag på. Dette vil sei at klubben mottek 5% av det du tippar for, sjekk opp meir om dette i linken under. https://www.norsk-tipping.no/page?id=498
les meir >> |
|
Det er fyrste gong i historia at festivalen vår har artistar i denne sjangeren, men alle som har sett filmen ”O Brother, Where Art Thou” med George Clooney kjem til å like dette som Ila Auto framfører.
les meir >> |
|
Bøygard er no på turne med sin nye CD og vil i den samanheng legge turen innom Voss att, dette fordi dei synes publikum på voss var heilt topp sist dei vitja oss. Sist var det på Stallen der dei trollband publikum i heile 2 timar med songen sin. Desse systrene frå Hallingdal kjem til Voss den 22. juni og vil halde ein konsert på Minigolfen kl. 15.30, billettprisen er kr. 50.- så det er berre å møte, gamal og ung
les meir >> |
|
Årets program er no klart, vi vil i år satse enno meir på Hanguren og konserten der. Vi skal lage ein betre scene, betre lydanlegg og ikkje minst så plukkar vi alle artistane på øverste hylle. Etter nøye utplukking og vurdering, så er vi komne fram til eit program vi kan stå for både kvalitetsmessigt og innafor dei økonomiske rammene vi har sett. Vi er stolte over det vi har fått sydd saman.
les meir >> |
|
 |
Jeg har vært på diskotek to ganger i mitt liv, og det er mitt bilde av helvete.
Ferdinand Finne |
|
annonse:
|
|
...Du kan få oppdatert info ved å registrere deg på epostlista vår.
|
annonse:
|
|